fredag 23. mai 2008

Flysnakk:Boeing 747


Boeing 747 er den klassiske flytypen som heile tida vert refferert til som "Jumbojet" eller " Queen of the sky". Denne flytypen har nærmast blitt eit ikon i lufta, og dette har vart i over 30 år! I dag lyr rundt 1400 fly av denne typen rundt om kring i verden, og er det nest største flytypen i dag. Det er berre Airbus a 380 som slå Boeing 747 i storleik.'

Den fyrste take off til Boeing 747 skjedde 9. februar 1969. Det var ein 747-100, men i dag finn ein 8 versjonar av Boeing 747. 747-400 er i dag den mest vanlege å sjå sidan det er den nyaste versjonen. Det vil om nokre år komme ein ny og større versjon som vil heite 747-800. Dette flyet vil kanskje slå Airbus a380 i storleik, noko som vil vere ein smell for Airbus CO.

Dette er dei flyselskapa somhar flest 747 i dagleg drift og i sin aktuelle flyflåte: Japan Airlines-60, British Airways-57, Korean Air-42, og Cathay Pacific-37 stk.

Boeing sin stoltheit vi vare mange år med denne flytypen, og takk for meg.

Følg med, for neste gong vil eg skrive om Airbus a340!

torsdag 15. mai 2008

Litago!


Har berre ein ting å seie-og det er at Litago sjokolademelk er det som driver meg gjennom dagen. Det er sjukt god samk, og I love it:!!!

Rasisme-eit større problem

I det siste har eg merka at ein stor andel av rasistiske grupper og organisasjonar har byrja utbreie seg meir og meir i samfunnet. Døme på slike organisasjonar er "Norgespatriotene", "Vigrid" og fleire andre. Kvifor vert ikkje desse stoppa? Som medlem i sos rasisme har eg høyrd fleire fryktelege og avskyelege historiar rasistar i norge har vore med på. Den kanskje mest kjende er "Benjamin-saka"-då ein mørkhuda gut vart drepen på åpen gate i Noreg. Dette var rasistisk motivert. Derfor reagerer eg sterkt på at det no nylig har vorte oppretta grupper på nettsamfunnet nettby som reklamerer for "Norgesptriotane", og til og med benekter holocaust. Dette bruker rasistane deretter til å verve nye medlemmer, unge-ja faktisk så langt nede som i 12 års alderen. Kvifor vert ikkje desse gruppene sletta? Rasisme-paragrafen seier tydleg at rasistiske ytringer og hatfulle ytringer skal straffes og kan gje opp mot 3 års fengsel. DET ER TONNEVIS AV RASISTISKE INNLEGG PÅ "NETTBY"! Eg og nokre andre, blant anna leiaren i Sos rasisme har sendt melding til byvaktane i "Nettby" om dette. Det er endå ikkje kome noko svar.
Vil rasismen og nazismen i verda bli stoppa? Følg med i bloggen min, og meld deg inn i SoS Rasisme så kan du vere med på denne kampen.

onsdag 14. mai 2008

NY Her

Ny her på bloggen i dag! wohooo