
Ja, då var det omsider klart for litt flysnakk igjen. Denne gongen om det flyet med lengst rekkevidde enn noko anna fly i verda- nemlig Airbus a340. Dette flyet vart fyrst prensentert i byrjinga av 70-talet, men då berre som eit konseptfly. Det tok nemleg 25 år til. 1991 var jomfruturen til fyrste versjonen av a340, og det vart oppdaga ein konstruksjonsfeil som hadde med at vingene byrja å vibrere i cruise fart. (Cruise fart er den maksimale hastigheiten eit fly har i cruise altitude). Grunnen til at dei vibrerte var at vingene ikkje var sterke nok til å holde dei ytterste motorane til flyet. (a340 har fire motorar). Dette vart retta opp igjen, men denne feilen var så sterk at nokre av flyselskapa som hadde bestillt a340 kansellerte budet og bestillte heller frå boeing som f eks. 767 og 747. Dei fyrste flyselskapa som tok i bruk den nye flytypen med fleire teknologiske nyskapingar var Lufthansa og Air France i 1993. I dag er det rundt 350 a340 modellar ute i lufta. Det finns 4 ulike varianter av flyet ; a340-200 , a340-300 , a340-500 , og a340-600. Den nyaste typen-a340-600-er det lengste flyet i verda. Det er så langt at det slår verdas störste fly, airbus a380 i lengda!
Eg har sjölv aldri vore ombord på ein a340. Det er synd, men håpar på at eg snart får vere om bord i flyet. Fordi Airbus er Europeisk er det i hovudsak a340 berre i service hos Europeiske flyselskap, men også asiatiske. Grunnen er jo sjölvsagt at Boeing står så sterkt i USA og amerika, men American Airlines har annonsert at dei vil bestille a340 no i 2008.
Neste gong vil eg fortelje litt om MCdonell Dougla MD11!
Have a nice flight!