I det siste har eg merka at ein stor andel av rasistiske grupper og organisasjonar har byrja utbreie seg meir og meir i samfunnet. Døme på slike organisasjonar er "Norgespatriotene", "Vigrid" og fleire andre. Kvifor vert ikkje desse stoppa? Som medlem i sos rasisme har eg høyrd fleire fryktelege og avskyelege historiar rasistar i norge har vore med på. Den kanskje mest kjende er "Benjamin-saka"-då ein mørkhuda gut vart drepen på åpen gate i Noreg. Dette var rasistisk motivert. Derfor reagerer eg sterkt på at det no nylig har vorte oppretta grupper på nettsamfunnet nettby som reklamerer for "Norgesptriotane", og til og med benekter holocaust. Dette bruker rasistane deretter til å verve nye medlemmer, unge-ja faktisk så langt nede som i 12 års alderen. Kvifor vert ikkje desse gruppene sletta? Rasisme-paragrafen seier tydleg at rasistiske ytringer og hatfulle ytringer skal straffes og kan gje opp mot 3 års fengsel. DET ER TONNEVIS AV RASISTISKE INNLEGG PÅ "NETTBY"! Eg og nokre andre, blant anna leiaren i Sos rasisme har sendt melding til byvaktane i "Nettby" om dette. Det er endå ikkje kome noko svar.
Vil rasismen og nazismen i verda bli stoppa? Følg med i bloggen min, og meld deg inn i SoS Rasisme så kan du vere med på denne kampen.
torsdag 15. mai 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Flott at du er engasjert og brenn så sterkt for ei sak. :) Er interessant å følgje med på kva du har å meddele!
Detta gjer inntrykk sondre!
E me deg i denne kampen, og da veit du :p..
Detta kan påvirka mange.. spre bloggen din!
Veldig bra, Sondre! Stå på!
Ja, stå på! Eg er medlem frå før ;D Prøv å få heile klassen - eller til og med linjo - med deg! Kanskje kan også alle gå til Nettby og protestera?
Legg inn en kommentar